header

17 mai 2Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

FMIs nettavis publiserer det som den tradisjonelle politisk korrekte media nekter offentligheten å lese.

Les mer om organisasjonen

Absurd krim-journalistikk

Skrevet av Arnt Folgerø. 19.10.2011.

Torsdag 12. oktober kunne lyarar til NRK-Sogn og Fjordane høyra om ei rettssak i Sogn tingrett der to menn er tiltalt for å ha mishandla en tredjemann grovt i ei hytte i Årdal i fjor sommar.

"Eg var overtydd at eg kom til å bli drepen", sa den fornærma 42-åringen i retten, der det kom fram at han var blitt slått med hammar, brend med sigarettar og skamslått over heile kroppen.

Bortsett frå eit intervju med broren til fornærma som sa at den fornærma var så skamslått at han ikkje var til å kjenna att etter mishandlinga, så var dette det einaste NRK meldte om bakgrunnen for saka. Men ifylgje NRK si nettside var bakgrunnen for mishandlinga at fornærma ikkje hadde amfetamin på seg då han etter ein biltur frå Møre og Romsdal til Årdal vart spurd av dei to andre mennene i bilen om han hadde amfetamin. At han berre ikkje hadde amfetamin på seg, skulle ut frå vanleg fornuft ikkje vera grunn nok til å mishandla ein person nestan til daude. Sentrale spørsmål som kvifor dei to tiltala mennene i slutten av 40-åra køyrde heilt frå Møre og Romsdal til Årdal saman med fornærma berre for å spørja han om amfetamin, vart ikkje stilt i NRK-reportasjen.
Kven er desse tre mennene, kva er tilhøvet mellom dei, kven eide hytta der mishandlinga fann stad, og kva hadde mennene der å gjera? Alle desse spørsmåla vart hengjande i lufta i NRK-reportasjen.

Ei slik dekning av saka er heilt i strid med kva journalistikk går ut på, nemleg å forklara og gjera ei sak forståeleg for publikum. Slik saka sto fram i NRK si dekning, vart ho meir eller mindre absurd, og det kan ein og seia om dekninga i Sogn Avis same dagen der det var enda færre opplysninger enn i NRK-innslaget.
Saka er etterforska av politiet, og NRK kunne, i staden for å spørja broren til den fornærma (som snakka romsdaling med utenlandsk aksent) om korleis han reagerte på mishandlinga, ha spurd politi-etterforskarane om kva dei meiner ligg bak saka, dersom det ikkje kom fram i sjølve rettssaka.

Eg var ikkje til stades i retten, men som røynd rettsjournalist meiner eg at saka stinkar mistenkjeleg av eit gjengoppgjer i det norske narkotikamiljøet, der våre nye landsmenn er sterkt involvert. Internasjonal, organisert kriminalitet har i Noreg eit omfang som dei færreste er klår over, nettopp på grunn av manglande dekning av slike saker i mediene. Sidan utlendingar så ofte er hovedpersonane i slike saker, lukkar mediene augo og øyra for ikkje å vekka framandfobi hos folk. Og det skulle ikkje undra meg om det er dette som ligg bak den absurde og fullstendig uakseptable krimreportasjen i NRK-Sogn og Fjordane og i Sogn Avis.

Legg til kommentar


Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

1834256
I dag
I går
Denne uken
Forrige uke
Denne måneden
Forrige måned
All days
770
2675
11030
714323
36842
242124
1834256

Din IP: 54.234.67.55
Dato: 2013-05-18 14:00:11

Vi har 10 gjester og ingen medlemmer på besøk.


 
Adresse: FMI, Postboks 70, 6501 KRISTIANSUND N. - E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. - Telefon: 977 06 152 - Bank: Postbanken (DnB NOR Bank ASA) - Kontonr.: 0530.40.68169 - BIC-adresse: DNBANOKKXXX - IBAN-nr.: NO23 0530 4068 169 - Org.nr.: 994 552 554
FMI ©2006-2012