header

17 mai 2Vi arbeider for en lovgivning og en praksis som sikrer at Norge forblir en enhetlig nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv og folkets historiske fellesskap.

Folkebevegelsen Mot Innvandring er en tverrpolitisk opplysningsorganisasjon som arbeider for å stoppe den fremmedkulturelle masseinnvandring til Norge.

FMIs nettavis publiserer det som den tradisjonelle politisk korrekte media nekter offentligheten å lese.

Les mer om organisasjonen

Ønskjer Stoltenberg seg eit tystarsamfunn?

aasenI Stoltenberg si nyttårstale ønska Statsministeren seg  ”digitale nabokjerringar” til varslingar om ”ekstreme” ytringar.

No veit vel dei fleste av oss kva desse nabokjerringane ofte var dyktige til, nemleg sladder. Slik sladder, eller sagt med andre ord, tysting, er det altså statsministeren ønskjer seg. Tysting, sett i system, kjenner vi att frå andre totalitære og diktatorstyrde samfunn. Stalin og Hitler nytta tysting for å kunne blinke ut uønska opponentar. Alle andre kommunistiske regimer som vi kjenner frå historia har nytta  tysting for å skape frykt i befolkninga slik at ikkje politisk opposisjon oppstår. Under krigsåra i Norge var det frykt blant folk flest for å seie kva dei meinte om okkupasjonen då det ville få katastrofale fylgjer om det kom tyskarane og deira medlauparar for øyre. I Sovjet og heile Aust-Europa var jamvel foreldre redde for å seie det dei meinte om kommunismen i påhøyr av borna av frykt for at det dei sa kunne kome vidare. Under Mao i Kina vart det sett i verk det som vart kalla ”La dei hundre blomster blomstre”. Det oppmoda borgarane til å seie det dei meinte om Mao sitt styre. Mange let seg lure til å seie si hjartans meining gjennom veggavisene, dermed forsvann dei som var modige nok til å kritisere formann Mao!

Kanskje nokon burde kviskre Stoltenberg i øyre at ekstrem politikk gjerne fører med seg sterke kommentarar? Det å forandre og forvandle  eit land, ein stat, eit samfunn til det ukjennelege gjennom ein arrogant og eigenrådig framandgjerande politikk som ikkje er grunnfesta i folkeviljen må vel vere ekstremt. Men folkelege og sterke kommentarar til ein slik politikk vil ikkje Stoltenberg og hans likemenn og -kvinner vite noko av. Difor ønskjer dei seg ”nabokjerringar” som kan tyste og sladre!

Når det gjeld ekstreme og grove ytringar mot andre burde Statsministeren sjå seg om i eige parti, og feie for eiga dør. I hans eiga regjering set der i alle fall ein statsråd som har stått bak slike grove ytringar og ein som har forsvart slike ytringar i retten og det i høve til motstandsfolk frå 2. verdskrig. Eg tenker her på Trond Giske. Som leiar for AUF vart det sett i gang ein postkort aksjon mot FMI, ein organisasjon som vart teken opptakten til av motstandsfolk frå 2. verdskrig, og som har hatt ei rekke krigsveteranar i styret.  ”Huskar du sist din jævla nazist” og  ”Ditt jækla  forbannede nazi-svin” var overskrifter på postkorta, saman med grove personlege helsingar frå ei rekke Auf-arar. Dei fleste ville vel forbinde slik framferd med ramp og ikkje med komande statsrådar. Men Anniken Huitfeldt forsvarte pøbelaksjonen i retten i møte med ein krigsveteran som politimelde saka. I dag er dama å finne som kulturminister. For ein kultur!

Når vi no dagleg høyrer om den tragiske 22.juli massakren med nær 80 drepne, lurer eg på om Statsministeren og andre ansvarlege for masseinnvandringa i stille stunder spør seg sjølve om den politikken dei har ført, og fører, er verd alle desse liv. Når det gjeld dei omlag 70 nordmenn som er drepne av framandfolket sidan asylinnvandringa vart slept laus, stiller det seg truleg annleis. Dei vert ikkje nemnt i nyttårstalar verken av Konge eller Statsminister. Kanskje vert desse rekna som kalkulerte offer på det multietniske samfunnet sitt blodige alter. I alle høve skapar det den frykta som gjer folk redde og tause!

Stoltenbergs tystarar 030112

Sendt 3.1.12 til:
«Alle» norske aviser. De norske politiske parti. Statsministerens kontor.

Legg til kommentar


Gi et bidrag

FMI mottar ingen offentlig økonomisk støtte. For å utføre vårt arbeid er vi avhengig av pengebidrag fra medlemmer og sympatisører.

Les mer

Norge Er Vårt

Norge Er Vårt er FMIs medlemsblad og mottas som en del av medlemskapet.

Du kan abonnere uten å være medlem i FMI.

Les mer

Viktige nettaviser

politisk_ukorrekt



Alternativer til media som holder tilbake informasjon, ved hjelp av politisk korrekt sensur.

1842044
I dag
I går
Denne uken
Forrige uke
Denne måneden
Forrige måned
All days
54
1457
5509
729706
44630
242124
1842044

Din IP: 50.16.17.90
Dato: 2013-05-23 02:03:38

Vi har 4 gjester og ingen medlemmer på besøk.


 
Adresse: FMI, Postboks 70, 6501 KRISTIANSUND N. - E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. - Telefon: 977 06 152 - Bank: Postbanken (DnB NOR Bank ASA) - Kontonr.: 0530.40.68169 - BIC-adresse: DNBANOKKXXX - IBAN-nr.: NO23 0530 4068 169 - Org.nr.: 994 552 554
FMI ©2006-2012